Dei varme soldagane denne sommaren har vore mange denne sesongen. Det er difor viktig å beskytte både liten og stor mot solbrent sommarhud. Når du hugsar å smøre solkrem på barna dine, er det óg lettare å hugse solkremen til deg sjølv óg. Det går hardt utover skuldrar og brystpartiet om sola har teke godt i løpet av ein varm sommardag. I tillegg til å beskytte huda med ein god solkrem, er det óg viktig å ta vare på huda etter soling. Saman med andre velkjende produkt, kan ein god babysalve hjelpe mot solbrent sommarhud.
Det finst mange årsaker til solbrentheit og solallergi
Når huda får mykje sol på ei gong, vil du merke den sviande følelsen ganske snart. Og er du riktig uheldig begynnar skuldrane å flasse, slik at du sit att med kvite flekkar på huda. Du treng ikkje å opphalde deg lenge i sola for å bli utsett for UV-stråling, og det treng heller ikkje å vere ein varm sommardag for barn eller vaksen for at sola skal ta for mykje. For mykje sol kan føre til ein mild raudleg farge, alvorlege blemmer, smerter og hevelsar. Når sommarhuda di held på å lege, så vil områder som er solbrent begynne å klø og flasse av, slik at ny og frisk hud kan vekse fram.
Dei fleste reaksjonane på at huda er solbrent begynner å vise seg ca 24-48 timar etter at du har vore i sola. På lang sikt aukar solskadar risikoen for hudkreft, tidleg aldring og rynking av huda. I verste fall kan barnet bli redd for å vere i sola om barnet allereie har erfaring med hud som har blitt alvorleg solbrent. Om di eller barnet si hud har blitt solbrent, vert det tilrådd å oppsøke fastlegen om det har oppstått blemmer, feber, skjelving, hovudverk eller ved oppkast. I tillegg er det viktig at solskada hud ikkje blir infisert.
Behandling av solbrent sommarhud er viktig for å unngå seinskadar
Det finst mange ulike måtar å takle solbrent sommarhud på. Det er viktig å drikke masse vatn, halde seg innandørs og i tillegg kanskje ta ein smertestillande om det er så ille. Mange salvar og kremar inneheld sterke ingrediensar og kan forårsake allergiar og eksem hjå små barn og vaksne. Difor kan ein god babysalve vere eit godt val mot solbrent sommarhud. Ein god babysalve trekkjer raskt inn i huda slik at barnet raskt kan ta på seg sommerplagga sine igjen, utan å skade verken hud eller plagg. Ein god babysalve som ikkje er for feit, kan med gode resultat nyttast på sensitiv hud og i ansiktet. Om aftersun er for sterk for barnet si hud og anna sensitiv hud, kan babysalve med fordel nyttast slik at sommarsola raskt kan nytast att, utan å måtte tilbringe dagen i skuggen.
– Har også lyst og dele min opplevelse med den nye stellesalven som “after sun” eller rett og slett mot solbrentheit
Eg er ganske lys i huden, og kan lett bli litt solbrent. Eg har to ganger no vært i syden og hatt
denne med meg i kofferten i tilfelle. Begge gangene hadde eg god bruk for den i ansiktet og skulderparti. Om kvelden etter dusj, smurte eg tre tynne lag og lot den trekke inn imellom laga.
Babysalven og babyolja frå Mori of Norway er allergisertifisert, Svanemerka og COSMOS ORGANIC sertifisert av Ecocert Greenlife, og passar difor godt på sensitiv hud til små barn og vaksne. Produkta kan kjøpast i nettbutikken vår eller hjå desse forhandlarane: klikk her.
Ønskjer deg ein fin august!🌻