Historien til Mori starta då eg var blitt mor for fyrste gong og guten min hadde fått bleieutslett, og eg var difor på søk etter gode pleieprodukt til bruk i det daglege stellet.
Eg har hatt problemhud sjølv, og erfarte gjennom bruken av ulike hudprodukt kva slags verknad innhaldsstoffa i mange av produkta hadde på huda mi. Med denne bakgrunnen var det at eg begynte å mikse mine eigne salvar og kremar heime på kjøkenbenken, og slik fann eg fram til min eigen babysalve til guten min. Resultatet av dette vart Mori of Norway Babypleieserie, og produksjonen vart flytta ut av kjøkenbenken og inn i kosmetikkfabrikken.
Babypleieserien er idag erstatta av nye produkt der hovudfokuset vårt fortsatt er produkt som er mest mogleg helse- og miljøvenlege. Les om produkta her: https://moriofnorway.no/produktkategori/hudpleie/hudprodukt-hudprodukt/

Sissel Skjerdal – Grunder Mori