Våren sin frammarsj kan framkalle fleire allergi symptomer hjå barn, og me vil i denne artikkelen gå gjennom nokre av symptoma slik at du betre kan imøtekome sesongen sine symptom på allergi hjå barn.
Vårsesongen sine symptomer på allergi hjå barn kan vise seg ved blant anna rennande nase, kveldshoste og raude auge. Dette er typiske symptom på pollenallergi, som så mange barn og vaksne slit med kvar einaste vår. Fleire symptom på allergi hjå barn og vaksne er irritert og sensitiv hud, forstyrra nattesøvn, hovudverk, sår hals og øyreverk. Om desse symptoma oppstår kvar vår, er det ikkje mykje tvil om at vårsesongen er ei viktig årsak, og at det difor er på tide å oppsøkje lege for å finne fram til metodar for å redusere dei velkjende symptoma. Meir informasjon kan du også finne på nettsida til NAAF.
Førebygging av allergiane i sesongen kan gje færre symptomer på allergi hjå barn
At våren sin frammarsj er synonymt med symptom på allergi hjå barn er ikkje gledeleg for småbarnsfamiliar rundt omkring i det langstrakte landet vårt. Heldigvis finst det fleire måtar å unngå at symptoma tek over kvardagslivet og nattesøvnen.
Med regelmessig reingjering unngår ein enklare at støv og pollen legg seg i heimen sine lune rom. Vask gjerne sengetøy og andre stoff som jamleg er i kontakt med barna dine, med varmt vatn. For å redusere symptomer på allergi hjå barn, så vurder å ikkje nytte unødvendige tepper og stoff. Pollenallergi kan gjerne gjere seg meir gjeldande om morgonen og om kvelden. I tillegg er dagar med ekstra vind og sol gode eksempel på dagar der inneaktivitetar er eit godt alternativ.
Det kan óg hjelpe at alle ytterplagg og sko blir tekne av i gangen eller blir oppbevart utandørs når pollenallergi melder seg hjå barna dine. Vask gjerne ytterplagga og skoa dine jamleg for å unngå spreiing av pollen. Ein kan óg vurdere å tørke klesvasken i tørketrommel for å unngå at plagga blir hengande ute over lengre periodar.
Husdyra i familien, som hund og katt, bør óg dusjast jamleg for å unngå at pollen og andre allergiframkallande element blir bringa inn i heimen. Hugs óg at hageplanter, tre og busker bør vedlikehaldast betre om du har små barn med symptom på allergi. Grasplenen bør óg klippast jamleg.
Sensitiv hud treng ekstra pleie
Med allergi i hus, er det diverre nødvendig med betre reinhald og vedlikehald både ute og inne. Dette vil og føre til meir arbeid på både små og store familiemedlemar. Med ekstra bad av både kropp og hår, er det ikkje rart at sensitiv barnehud treng ekstra pleie. Med gode og økologiske hudprodukt og andre reinhaldsprodukt er det lettare å førebyggje symptomer på allergi hjå barn og vaksne.
Produkta frå Mori of Norway er allergisertifiserte, økologiske og svanemerka, og passar difor framifrå på sensitiv hud til små barn.N