Det var i mi nye rolle som mor at mi interesse for helse- og miljøvenlege produkt vart skapt. Som dei fleste førstegongsforelder ønskte eg å gje barnet optimale vilkår og eit av desse var å bruke milde og skånsame produkt i det daglege stellet. Eg byrja leitinga etter gode pleieprodukt – gode produkt fanst, men eg sakna ei godkjenning – eit stempel på produktet frå ein uavhengig instans som gav meg som forbrukar ein garanti på produktet. Svanen er eit slikt stempel – det er min garanti som forbrukar at eg kjøper eit trygt produkt både i forhold til helse og miljø.
I 2001 byrja eg aktivt å jobbe med ideen. Frå eit utgangspunkt med miksing av produkt på kjøkkenbenken med påfølgande uttesting på eigne barn, er no 4 babypleieprodukt godkjende med det offisielle nordiske miljømerket Svanen.
I 2005 vart selskapet Mori AS stifta. I 2006 fekk Mori tildelt miljømerkingslisens på produktserien. I 2007 starta me opp vår fyrste produksjon av produktserien. Produkta vert selde på moriofnorway.no og ved distribusjon til butikkar i Hordaland og Sogn og Fjordane (oversikt her).
I 2010 vart Mori as medlem i allisansemerket SAKTE og turpleieserien til Mori of Norway vart lansert som eit ledd i ei tilpasning til SAKTE-konseptet.